Hopp til innhold

I fengsel for råkøyring

Ein mann i 20-åra frå Hordaland må 18 dagar i fengsel etter råkøyring på E16 i Aurland. Utrykkingspolitiet målte i april mannen til 136 kilometer i timen i ei 80-sone. Hordalendingen må også vere utan lappen i 11 månader.