Hopp til innhold

Helse Førde gjorde det betre

Helse Førde hadde eit resultat i fjor på over 26 millionar kroner. Det er vesentleg betre enn varsla ved årsskiftet, då var resultatet 2 millionar kroner.

– Det er gjort ein fantastisk jobb av dei tilsette. Resultatet rustar Helse Førde inn mot utbyggingane som skal gjerast, seier administrerande direktør Arve Varden under styremøtet i dag.

Tilsetterepresentant Hans Jacob Westbye er kritisk til at tala kjem uventa, og meiner pengane må gå til medisinsk utstyr.

– Det må vere vanskeleg å forklare for dei tilsette kvifor det har vore nødvendig med alle innsparingane.