Hopp til innhold

Helikoptersøk i Jotunheimen

Eit redningshelikopter vart sendt til Jotunheimen etter melding om at det var observert ein person som trengde hjelp. – Hovedredningssentralen fekk melding klokka 15.14 om at ein person hadde observert ein annan som vifta med noko kvitt for å få merksemd. Helikopteret har søkt i området utan å gjere funn. Dei skal gjere eit nytt søk i området, seier vakthavande ved operasjonssentralen i Bergen. Personen som melde ifrå var på tur ved Høgvagltindane, som ligg i Luster kommune. Det er ikkje meldt om nokon sakna personar i området.