Hopp til innhold

Held fjerdeplassen i Formula-serien

Førdianaren Håvard Hallerud ligg på fjerdeplass i Formula Nordic-serien etter helgas «Midnattsloppet» i Skellefteå i Sverige. På det nye baneanlegget køyrde Hallerud tre race der han køyrde inn til høvesvis fjerde-, andre- og fjerdeplass. Hallerud køyrde godt, men ein snurr i ein sving i første racet og ein tur ut av bana i tredje racet øydela for eit betre plassering.

Håvard Hallerud
Foto: Team Greenpower