Hopp til innhold

Heilevang blir opna att

Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll blir opna att like over klokka 12. Ein god del nedbør gjorde at vegen vart stengd på grunn av fare for skred. I løpet av natta har det kome ned noko småstein og torv, får NRK.no opplyst hos Vegtrafikksentralen.