Hopp til innhold

Har sikra spor etter innbrot

Politiet har sikra fleire spor etter eit innbrot i Skramsmarka barnehage i Måløy, skriv Fjordenes Tidende. Eit knust vindauge var blant anna det som møtte dei tilsette i dag tidleg. Innsatsleiar Morten Hagen ved Vågsøy lensmannskontor vil ikkje sei noko om kva slags spor politiet har sikra seg.