Har mista tilliten til Tesla
Marius André Langø frå Florø seier han har mista tilliten til Teslas kundeservice. Då Tesla-servicesenteret i Bergen ikkje vart ferdige bilen hans den 9. august, fekk han tilbod om å låne ein kundebil sidan han bur eit stykke unna, skriv nettavisa E24. I ettertid oppdaga han at bilen han fekk både var uforsikra og avregistrert. Tesla Norge seier dette skuldast ein intern feil og at dei skal gå gjennom rutinane sine.