Hopp til innhold

Har du sjekka båten din i dag?

Sjekk at båten din er festa godt nok og at den ikkje slit seg. Den klare oppmodinga kjem frå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, no når det er venta full storm ved Stad. Kastevinden kan komme opp i ein styrke på 35 meter per sekund her i fylket. Difor ber no HRS alle båteigarar om å sjekke båten for å unngå unødvendige redningsaksjonar.