Hopp til innhold

Har bestemt vegtrase

Alternativ B1, med lang tunnel og tilrettelegging for muleg arm til Geiranger, er valgt som framtidig løysing for veg opp Strynefjellet. Dette vart gjort kjent søndag ettermiddag då samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vitja området, skriv Fjordingen. – Dette er ein magisk dag. Dette er eit alternativ alle har kjempa for, kunne ein svært tilfreds stryneordførar Sven Flo slå fast.

Ketil Solvik-Olsen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK