Hopp til innhold

Handballtalentet er i trening att

Handballspelaren Kjerstin Boge Solås frå Dale er tilbake i trening att. 20-åringen rauk korsbandet i ein treningskamp i august i fjor. Etter ein knallhard opptrening kan ho igjen trene med lagveninnene i Tertnes, skriv Bergensavisen. Solås blir likevel ikkje å sjå på eliteserielaget allereie denne sesongen.

Kjerstin Boge Solås i duell i forsvaret til Tertnes
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK