Hopp til innhold

Hadde med seg eit kort for mykje

Ein norsk yrkessjåfør er politimeld etter at han vart stoppa av Vegvesenet i ein kontroll på Kjøs i Nordfjord tidlegare i dag. I tillegg til sitt eige sjåførkort hadde sjåføren også ein annan sjåfør sitt sjåførkort i fartsskrivaren. Kortet til den andre sjåføren er inndrege, og sjåføren som førte vogntoget blir politimeld. – Han var ikkje informert om regelverket, men det er han plikta til å vere, seier overingeniør Svein Arne Henjesand.