Hopp til innhold

Hadde ikkje sikra lasta

Lasta var på veg ut av vogntoget då det blei stogga under ein kontroll ved Håbakken i Lærdal i kveld. Føraren av det litauiske vogntoget hadde ikkje sikra lasta si godt nok, og er no meldt til politiet, skriv Statens vegvesen. Førarane av eit svensk og polsk vogntog stogga ikkje for den same kontrollen. Begge førarane er no melde for dette.