Hopp til innhold

Går ut mot nedbygging av vegvesenet

Dei sju kommunane i Nordfjord og næringslivet i regionen har i dag sendt brev til regjeringa. Der kjem dei med ei oppmoding om at Statens vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned. – Dette er ein sterk reaksjon på trugsmålet om nedbygging av Statens vegvesen her i Nordfjord, skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune.

Alfred Bjørlo
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK