Hopp til innhold

Fylkesveg opna etter kollisjon

Fylkesveg 616 ved Oteren i Bremanger er opna igjen etter at ein bil og buss kolliderte i ettermiddag. Det var ingen passasjerar i bussen, og det var berre dei to sjåførane som var involverte i ulukka. Bussjåføren kom uskadd frå kollisjonen, medan føraren av personbilen fortalde om smerter i hovud og bryst, opplyser politiet.