Hopp til innhold

Fylkesmannen stoppar kjøpesenter

Fylkesmannen vil ikkje godta ei utviding av Måløy Stormarked i Vågsøy. Fylkesmannen i Vestland ber kommunen endre planen for området. Mellom anna må kommunen ta stilling til kor i Vågsøy ein vil satse på handel, og trafikktryggleiken.

Heller ikkje Vegvesenet godtek planen fordi ein ynskjer avkøyringsfelt frå riksveg 15, og tryggingstiltak for mjuke trafikantar. Dei meiner også planen for kjøpesenteret er i strid med statlege retningsliner.

– Det vil ta tid å få gjennomført ei utbygging. Vegvesenet vil ha betre kryss, men det er heilt urealistisk at vi som enkeltaktør skal betale eit heilt nytt vegkryss, seier Per Gunnar Frantzen i Måløy Stormarked.

Måløy Stormarked har kjempa mot byråkratiet i sju år for å få til utviding. På same tid har investeringane og handelen skote fart i nabokommunen Eid.

– Eg synest at det er vanskeleg å utvikle eit handelstilbod i Vågsøy kommune, politikarane er for, men det er mykje lovar og regler. Det kjennest som at enkelte jobbar mot oss, seier Frantzen.

Måløy Stormarked
Foto: Asgeir Reksnes / NRK