Hopp til innhold

Førde tok tredjesettet

Førde sine volleyballdamer leiar 2-1 over Randaberg i cupfinalen i Ekeberghallen. Førde tok første sett 25-15, medan rogalendingane utlikna ved å vinne 25-18 i andre sett. I tredje sett viste sunnfjordingane igjen seg som det sterkaste laget og vann 25-19. Førde treng eitt sett til for å sikre NM-tittelen for andre året på rad.

Førde - Randaberg cupfinalen i volleyball
Foto: Ole-Kristian Førde / NRK