Hopp til innhold

Førde med tap i Trondheim

Førde sitt damelag i handball tapte 31–22 då dei møtte Charlottenlund i 1. divisjon i ettermiddag. Førde leia med fire mål i midten av førsteomgang, men vertane frå Trondheim fekk overtaket og heldt det kampen ut. Til pause leia Charlottenlund 15-11, medan det ved full tid altså stod 31–22. Maria Oppedal (bilete) vart av juryen kåra til beste Førde-spelar. Ho sette inn åtte mål i løpet av kampen.

Maria Oppedal
Foto: Alf Vidar Snæland