Hopp til innhold

Førde-damene dreg ifrå på tabellen

Damelaget til Førde Volleyballklubb tok sin sjuande siger for sesongen då dei i ettermiddag slo Koll 3-0 i Førdehuset. Førdedamene vann med setta 25-18, 25–9 og 25–6. Med det har dei vunne alle kampane i toppligaen for kvinner så langt denne sesongen.