Hopp til innhold

For skadd til å bli avhøyrd

Mannen som vart hardt skadd etter oktoberfesten i Stryn er ikkje frisk nok til å bli avhøyrd, skriv Firda.

Mannen i slutten av 30 åra vart funnen blodig og medvitslaus på ein gangveg like ovanfor sentrum om morgonen laurdag 22. september, skriv avisa.

Politiet har etterlyst vitne utan resultat. Mannen ligg til behandling på Haukeland sjukehus.