Hopp til innhold

Flyttar heim til Høyanger

Den sparka Fedje-rådmannen Ingebjørg Vamråk søkte den ledige rådmannsjobben i nabokommunen Austrheim, men er no ute av rekrutteringsprosessen. Vamråk, som tok imot ein sluttpakke på 13,5 månadslønner frå Fedje kommune, opplyser til NRK at ho og familien nå har valt å flytte heim til Høyanger, og at ho ikkje har nokon umiddelbare jobbplanar. – Eg skal ha fri og kvile hovudet litt, så finn eg nok noko etter kvart, seier ho.

Ingebjørg Vamråk
Foto: Ingelin Holen