Hopp til innhold

Flest brannar i bratte tunnelar

Bortimot halvparten av tunnelbrannane oppstår i bratte tunnelar, viser ein rapport Transportøkonomisk Institutt har laga for Statens vegvesen. Desse bratte tunnelane utgjer berre fem prosent av alle tunnelane i landet. Rapporten som tek med alle tunnelbrannane frå 2008 til 2015 syner og at tunge køyretøy er overrepresenterte. Tekniske problem med køyretøyet var den vanlegaste årsaka.