Hopp til innhold

Fleire utan straum i Gaular kommune

Ved Økslandsvatnet i Gaular kommune har det gått eit steinras som har tatt straumen frå fleire abonnentar i området. Ifølge vaktsentralen til Sunnfjord Energi vil dei sjå om det er materielle skader før dei prøver å setje straumen på att, spesielt sidan det er farar for gnistar. Sunnfjord Energi håpar å kunne ha straumen tilbake innan kort tid. Rasstaden er ikkje i nærleiken av hus eller veg.

Steinras ved Økslandsvatnet
Foto: NRK-tipsar