Hopp til innhold

Fleire uføretrygda

Ved årsskiftet var det 5571 personar i Sogn og Fjordane som fekk uføretrygd. Dette er 108 fleire enn i desember året før og svarar til ein auke på 2,0 prosent. På landsnivå er auken på 2,4 prosent. – Innstrammingar i reglane for arbeidsavklaringspengar er noko av årsaka til auken, seier direktør Tore Thorsnes. Samanlikna med desember 2016, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppene 18–29 år og 30–39 år.