Hopp til innhold

Flåmsbana stengd av ras

Flåmsbana er stengd etter at to steinar raste ut i sporet mellom Berekvam og Blomheller. Geologar må undersøke staden før bana kan opne att og det er uvisst kor lenge bana blir stengd, seier Bane Nor. Ein må rekne med innstillingar og forseinkingar, og NSB jobbar no med å setje inn alternativ transport. – Vi gjer alt vi kan for å dekke reisebehovet for passasjerane. Mange kjem for sjølve opplevinga med å ta Flåmsbana, og det får vi sjølvsagt ikkje gjort noko med. Det er vi leie oss for, seier pressesjef i NSB, Åge-Christoffer Lundeby.