Hopp til innhold

Fire fekk bruksforbod

Fire køyretøy fekk bruksforbod under ein trafikkontroll for tungbilar ved Skei i Jølster i natt. Tre av desse for manglande lastssikring. I tillegg vart to førarar melde til politiet for brot på reglane om køyre- og kviletid og manglande yrkessjåførkompetanse.