Ferdige med å reinske fjellet
Fjellreinsken i fjellsida over Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 ved Årdal er no ferdig. Eit mellombels fangnett er montert ved tunnelmunningen, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Arbeidet med det permanente fangnettet er starta, og vegstellet håpar dei skal vere ferdige til påske. Dette nettet skal stoppe større steinar enn det mellombelse som no er sett opp.