Hopp til innhold

Fekk stålplatar på bilen

I dag tidleg fekk ein bil nokre stålplater frå ein tilhengar over seg på riksveg 5 ved Erdal i Førde. Det blei ikkje personskade, men mindre skader på bilen som blei treft, skriv politiet på Twitter. Politiet har no spora opp føraren av bilen med tilhengaren, og sak blir oppretta.