Hopp til innhold

Fekk ikkje køyre vidare

Eit norsk vogntog som vart stogga i ein kontroll på Håbakken hadde sprekkar i bremseskiva på semitraileren. Dette måtte utbetrast før vogntoget fekk køyre vidare, opplyser Statens vegvesen. I tillegg fekk føraren av eit utanlandsk vogntog beskjed om å sikre lasta betre før vidare køyring.

Bremseskive med sprekk
Foto: Statens vegvesen