Hopp til innhold

Fekk 300.000 til turnhall

Skavøypoll Idrettslag er litt nærare ein turnhall etter å ha fått 300.000 kroner frå Sparebanken Vest-konseptet Hjartebank. Det skriv Fjordenes Tidende. – Desse pengane går rett inn i potten til ny turnhall, og bidreg absolutt til å skunde fram prosessen. Vi nærmar oss no finansieringskravet, seier Kenneth Silden i SIL Turn til avisa. Hallen er berekna å koste kring 22 millionar kroner.