Hopp til innhold

Får ti nye tilsette

Nav kontaktsenter på Leikanger får ti nye stillingar. Leiar for senteret, Vibeke Johnsen, seier til Sogn Avis at det på sikt kan bli fleire. Ho meiner det er ein styrke å bli større i eit Nav under omstilling, når Nav Sogn og Fjordane og Nav Hordaland skal slå seg saman frå 2019.

Vibeke Johnsen
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK