Hopp til innhold

Får ikkje krevje inn avgift

Gulen kommune har ikkje rett til å krevje inn kompensasjon for at det vert lagra radioaktivt avfall i Sløvåg. Det har Bergen Tingrett slått fast i ein fersk dom. Sidan 2008 og fram til 1. januar 2016 har selskapet Wergeland Halsvik betalt inn store summar til kommunen i kompensasjon for at dei har laga radioaktivt avfall i Sløvåg. Selskapet nektar no å betale inn avgifta då dei miner kommunen ikkje har jurdisk grunnlag for innkrevjinga. Tvisten enda til slutt i retten som altså gav Wergeland Halsvik medhald i at det ikkje finst ein bindande avtale. Til avisa Firda seier ordførar Hallvard Oppedal at kommunestyret først på nyåret skal ta stilling til om dommen vil bli anka