Hopp til innhold

Får ikkje frakta elevane til skulen

Gulen kommune jobbar med å finne løysingar for å få frakta elevane frå sør i kommunen fram til Dalsøyra skule. På fylkesveg 57 like ved Dalsøyra har ein del av vegen rasa ut, og det kan gå fleire dagar før vegen kan opne att. Ordførar Hallvard Oppedal seier dei som pendlar må bu seg på å køyre rundt, via Instefjord og E39, men at dette blir for langt for elevane. – Vi jobbar med å finne ei løysing for skuleelevane. I første omgang for morgondagen, så håpar vi det løyser seg i løpet av helga med opning. I dag var det 50 elevar som ikkje kom seg til skulen på grunn av vegstenginga.

Hallvard Oppedal ved utrasinga på fylkesveg 57 ved Dalsøyra
Foto: Ådne Dyrnesli / NRK