Hopp til innhold

Får halde fram i styret

21 år gamle Emma Berge Ness frå Viksdalen er innstilt til å halde fram i sentralstyret i Senterungdommen. Ho vart valt inn for første gong i fjor. Ho skal veljast på landsmøte i november. Berge Ness er dotter til stortingsvara og Senterparti-nestor Steinar Ness.

Emma Berge Ness
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK