Får felle hjort i hagen
Ein huseigar i Flora har for andre året på rad fått løyve frå kommunen til å felle hjort på skadeløyve, skriv Firdaposten. Huseigaren skal i fleire år ha slite med ein hjorteflokk som nærast har flytta inn på eigedomen, og som gjer skadar på plantar, tre og busker. Huseigaren har løyve til å felle inntil to ungdyr, skriv avisa.