Hopp til innhold

Ervik Havfiske vidare til finale

Ervik Havfiske er ein av tre verksemder som vart valt ut i ein entreprenørskapskåring i Bergen i dag. Dei er dermed vidare til nasjonal finale for EY Entrepreneur Of The Year. Saman med Greig Seafood og Dirytbit skal dei representere Region Vest i den nasjonale finalen i entreprenørskap. Ervik Havfiske held til på Stadt.