Hopp til innhold

Er framleis ikkje samde om budsjett

Striden om kor mange lærarar det skal vere i norske klasserom forseinkar budsjettforhandlingane mellom dei borgarlege partia. Det er KrF som har lagt fram krav om ei lærarnorm. Der vil dei pålegge kommunane eit makstal på 15 elevar per lærar i 1.–4. trinn, og 20 elevar i 5.–7. trinn. Dette vil koste 850 millionar kroner i året, og Høgre har vore klart imot.