Hopp til innhold

Eksporterer kjøt til Oman

Eit overskot av sauekjøt gjer at Nortura sitt dotterselskap, Noridane, no set i gang eksport til Oman. Det skriv Landbruk24. Styreleiar Trine Hasvang Vaag i Nortura seier at bedrifta ikkje går stort i minus på Oman-eksporten. Årsaka er at dei ikkje klarer å selje alt dei har av sauekjøt i den norske marknaden.