Hopp til innhold

Ein blei slått ned

Klokka 02.38 tok ein mann kontakt med politipatruljen i Førde sentrum. Vedkommande sa han var slått ned av ein kar, og meinte det heile hadde skjedd heilt utan grunn. Politiet fann etterkvart gjerningspersonen, men begge vart dimittert på staden. På Twitter skriv politiet at dei vil følge opp saka. Ifølge politiet vart ingen alvorleg skada.