Hopp til innhold

Dyr overlast

Eigaren av eit overlasta vogntog fekk eit dyrt stopp under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i går. I tillegg til å måtte lasta om, vart det ei bot på 10.550 kroner og bruksforbod for manglande lastesikring og gjenstandar i frontvindauga som hindra sikt. Ein førar av ein minibuss vart også meldt til politiet grunna manglande yrkeskompetanse for å driva transport mot vederlag.