Hopp til innhold

Dømd for hasjbruk

Ein ytresogning i 50-åra er på nytt dømd for narkotikalovbrot. Heime hos mannen fann politiet over 60 gram hasj i august i fjor. I Sogn og Fjordane tingrett er mannen dømd til fengsel i 21 dagar, som blir utsett med prøvetid på to år.