Hopp til innhold

Dømd for å ha svindla NAV

I kvinne i 60-åra er i Sogn og Fjordane Tingrett dømd til 90 dagar i fengsel for å ha svindla NAV for kring 300.000 kroner. Kvinna fekk dagpengar frå NAV då ho delvis var permittert. I nesten tre år skreiv kvinna ikkje opp alle timane ho jobba for bedrifta i meldekortet til NAV, slik at ho fekk utbetalt for mykje pengar. Kvinna nekta straffskuld i retten og hevda at ho ikkje hatt fått tilstrekkeleg informasjon om korleis meldekortet skulle fyllast ut.