Hopp til innhold

Dømd for 26 gram hasj

Ein mann i 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 16 dagar og 6.000 kroner i bot. Mannen erkjende straffskuld for 26 gram hasj som politiet fann i heimen hans i Nordfjord i juli i fjor. Dersom mannen held seg på rette side av lova dei neste to åra slepp mannen å sone fengselsstraffa.