Hopp til innhold

Doblar kvoten på tunfisk

Fiskeridepartementet doblar kvota for fiske av makrellstørje, kjend som tunfisk når den hamnar i butikkane. Kvota er no 104 tonn, som er ei dobling frå i fjor. Berre to båtar får høve til å fiska markrellstørje. Dei blir avgjort gjennom loddtrekning. I fjor var det berre ein båt som fekk fiske, MS Bluefin, frå Sogn og Fjordane.