Hopp til innhold

Difor vil dei ha meir til breiband

Venstre vil i sitt alternative budsjett styrke satsinga på breiband. Medan regjeringa i sitt forslag vil kutte 69 millionar kroner, legg Venstre opp til å reversere kuttet. Dei vil i tillegg ytterlegare auke satsinga til totalt 150 millionar kroner mot 130 millionar kroner i 2017. – Dette er ekstremt viktige midlar for distrikta, seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang. Ho meiner breiband og god dekning er viktig for både næringslivet i distrikta, for familiane og for framtidas velferdstenester.

Gunhild Berge Stang med Venstre-logo
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK