Hopp til innhold

Denne mangla smørjing

Ein trekkbil fekk i dag bruksforbod etter ein kontroll på Håbakken i Lærdal. Årsaka er manglande smørjing av ei svingskive som er koplingspunktet mellom trekkbilen og semitralla. – Dette kan vere svært trafikkfarleg fordi semitralla kan «overta styringa» av trekkbilen, melder Statens vegvesen. Ein anna førar blei meldt for brot på køyre- og kviletida, og ein fekk 8300 kroner i gebyr for overlast.

Svingskive på trekkbil som fekk bruksforbod
Foto: Statens vegvesen