Hopp til innhold

Dårleg start på makrellfisket

Årets makrellsesong har hatt ein elendig start.
Ved starten av fisket i månadsskiftet august/september var makrellen av dårleg kvalitet, og seinare har dårleg vêr og lite fisk ført til elendig fiske for den store makrellflåten. Av kvoten på vel 180.000 tonn makrell er det fiska berre 60.000 tonn, og det er særleg dei mindre båtane i kystnotflåten og makrelldorgarane som er hardast råka.