Hopp til innhold

Callaku er florøspelar

Den danske 19-åringen Lorent Callaku er klar for Florø og vert førstedivisjonsklubben si fjerde signering denne sesongen. Tidlegare har Aleksandar Corovic frå Arendal, Robert Kling frå Haugesund og Patrik Johannesen frå Færøyane signert for klubben. Danske Callaku er ein offensiv spelar som kjem frå Lyngby og han er tiltenkt ei rolle på kanten. – Det er ein unggut som eg ser eit stort potensial for i framtida, seier Florø-trenar Terje Rognsø som ikkje vil legga press på ungguten før sin Florø-debut.

Callaku
Foto: Florø fotball