Hopp til innhold

Buss kolliderte med bil

Ein buss og ein bil har kollidert på fylkesveg 616 mellom Elde og Endal i Bremanger. Det var ingen passasjerar i bussen utover sjåføren, som er uskadd. Føraren av personbilen fortalde om smerter i hovudet og brystet, opplyser politiet til avisa Firda. Vedkomande var og åleine i bilen. Vegen er stengd og det er framleis uvisst når den vil opne igjen. Politiet fekk melding om ulukka klokka 15.56.