Hopp til innhold

Bryggeri gjekk i minus

Til saman gjekk dei tre ølprodusentane i Sogn over seks millionar i minus i fjor. Det skriv Porten.no. Bryggeriet i Årdal gjekk med underskot på 1,6 millionar. Balder brygg på Leikanger gjekk med 700 000 kroner i underskot. Men av dei tre var det Ægir i Flåm som gjekk på det største tapet, heile 3,5 millionar kroner. Naturlege etterdønningar frå satsinga i 2016, meiner bryggerisjef Evan Lewis.