Hopp til innhold

Brann ved Helgheim

Klokka 23.39 fekk naudetatane melding om ein brann ved Helgheim i Jølster. Ifølge Alarmsentralen i Florø var det brann i eit naust nær europaveg 39. Det låg ei hytte tett til naustet, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg, det sa vakthavande ved Alarmsentralen. Naustet var då overtent. E39 var i ein periode stengt, men klokka 00.30 opplyser Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering forbi staden. På same tid melde politiet at brannen var sløkt.

Brann Helgheim
Foto: NRK-tipsar